Innstilling på valg

Her kan du lese hvem som valgkomiteens begrunnede innstilling til de ulike vervene.

Valgkomiteen skal i henhold til sitt mandat finne og innstille på kandidater til de ulike sentrale vervene i organisasjonen. 

Tidspunkt for offentliggjøring av valgkomiteens innstilling

  • for leder og nestleder: 3. april
  • for studentmedlem i AU: før møtestart lørdag 17. april
  • for medlemmer til kontrollkomiteen: før møtestart søndag 18. april

Gå til innstilling:

Innstilling på leder

Det er ein kandidat som har meldt sitt kandidatur til vervet som leiar innan fristen for å vere med på valkomiteen sin innstillingsprosess. Det er:

  • Elise Håkull Klungtveit

Vi har basert vår innstilling av leiar på gjeldande vedtekter, mandatet for leiar og organisasjonen sitt valreglementet vedteke på landsmøtet 2019, då det ikkje vart vedteke nytt valreglement på landsmøtet i 2020. Vi har også lagt vekt på ein heilskap for organisasjonen sine behov og interesser.

Etter ei vurdering av desse faktorane fell vår innstilling på Elise Håkull Klungtveit. Ho er 27 år og har tidlegare studert master i barnehagepedagogikk ved OsloMet. Denne perioden har Elise vore leiar for Pedagogstudentene, og var nestleiar for organisasjonen i perioden før.

Gjennom fleire lokale og sentrale verv i Pedagogstudentene har Elise vist sitt engasjement for organisasjonen og utdanningspolitiske saker. Blant anna har ho vore involvert sentralt som studentmedlem i arbeidsutvalet og medlem av kontrollkomiteen. I tillegg til ulike erfaringar frå Pedagogstudentene har Elise også brei fagpolitisk erfaring frå andre nasjonale råd og utval. Gjennom dette har ho tileigna seg unik kjennskap til politiske prosessar og opparbeida seg eit viktig nettverk som kan nyttast vidare i det politiske arbeidet. Dette vil vere svært relevant for Pedagogstudentene sitt politiske arbeid. Desse verva gjev Elise grundig kjennskap til dei ulike ledda i Pedagogstudentene, frå lokalt nivå heilt opp til leiinga. Difor har ho ei unik innsikt i mykje som førekjem i og utanfor organisasjonen og er godt førebudd på dei ulike utfordringane ein kan møte på som leiar.

Valkomiteen trur Elise vil vere ein ambisiøs og fagleg sterk leiar, som kan skape eit inkluderande fellesskap i organisasjonen og vere ei tydeleg stemme for pedagog- og lærarstudentar. Elise er ein tillitsskapande og omsorgsfull person som evnar å sjå enkeltindivid i organisasjonen i tillegg til å famna heilskapen. Gjennom samtaler, djupneintervju, observasjonar og leiar sitt mandat er valkomiteen trygge på at Elise har motivasjonen og pågangsmotet til å halde fram med å vere ein god leiar for Pedagogstudentene. 

Godt val!

Innstilling på nestleder

Det er ein kandidat som har meldt sitt kandidatur til vervet som nestleiar innan fristen for å vere med på valkomiteen sin innstillingsprosess. Det er:

  • Iril Myrvang Gjørv

Vi har basert vår innstilling av nestleiar på gjeldande vedtekter, mandatet for nestleiar og organisasjonen sitt valreglementet vedteke på landsmøtet 2019, då det ikkje vart vedteke nytt valreglement på landsmøtet i 2020. Vi har også lagt vekt på ein heilskap for organisasjonen sine behov og interesser. 

Etter ei vurdering av desse faktorane fell vår innstilling på Iril Myrvang Gjørv. Ho er 26 år og har studert lektorutdanning 8.-13. ved Universitetet i Oslo. Denne perioden har Iril vore nestleiar for Pedagogstudentene, og satt i kontrollkomiteen i organisasjonen dei to føregåande periodane. Dette meiner vi har gitt henne god kunnskap om organisasjonen sitt virke og dokumenter, samt daglege drift. Dette har også gjeve Iril eit godt innblikk i samarbeidsprosessar i organisasjonen, noko vi trur ho kan vidareføre godt også i neste periode. Iril har også erfaring frå ulike roller og verv både i og utanfor organisasjonen.

Vi trur Iril vil halde fram med å vere ein dyktig og utviklingsorientert nestleiar for Pedagogstudentene med sin breiddekunnskap og sine organisatoriske eigenskapar, samt ein klar visjon for organisasjonen framover. Vidare opplever valkomiteen Iril som ein person som evner å sjå dei rundt seg og motivere andre til å yte sitt beste, eigenskapar vi meiner er særleg viktig hos ein nestleiar. Iril har gode refleksjonar og idear om korleis ho vil utvikle organisasjonen. Ho har klare tankar for arbeidet på lokalt og nasjonal nivå. Vi trur at ambisjonane hennar kan bidra til å styrke organisasjonen og at ho vil vere ei god støtte for leiar i det politiske arbeidet til organisasjonen.

Valkomiteen er trygge på at Iril har eit brennande engasjement og motivasjon, samt god kompetanse for nestleiarvervet. Ut ifrå nestleiar sitt mandat, samtaler, djupneintervju og observasjonar er vi trygge på at Iril er den beste kandidaten til vervet som nestleiar. 

Godt val! 

Innstilling på arbeidsutvalg

Det var sju sterke og gode kandidatar som meldte sitt kandidatur til vervet innan fristen for å vere med på innstillingsprosessen til valkomiteen. Desse er: 

  • Aleksander Ljosdal Fedøy
  • Caroline Madsen
  • Ida Røvik Oterhals
  • Iselin Sande Bakke
  • Kaspara Halkjelsvik
  • Mikkel Sibe
  • Per Sverre Remen Singstad

For å innstille har vi lagt lagt til grunn Pedagogstudentene sine vedtekter, mandatet for studentmedlemmar til arbeidsutvalet og organisasjonen sitt valreglementet vedtatt på landsmøtet 2019. Vi har også lagt vekt på eit heilskapsperspektiv for arbeidsutvalget og organisasjonen sine behov og interesser. 

Difor fell vår innstilling på:

  • Aleksander Ljosdal Fedøy
  • Caroline Madsen
  • Ida Røvik Oterhals
  • Iselin Sande Bakke
  • Kaspara Halkjelsvik

Valkomiteen meiner desse fem kandidatane vil tilføre arbeidsutvalet engasjement og kompetanse inn mot både det organisatoriske og det politiske arbeidet i organisasjonen. Vi har lagt spesielt vekt på kandidatane sine kompetansar og erfaringar, samt kva tankar dei har for organisasjonen vidare og korleis dei kan vere med på å vidareutvikle den. Kandidatane har også motivasjonen og engasjementet som er nødvendig for å ta på seg ansvaret som følgjer med eit verv av denne størrelsen. 

Vi ynskjer å gjere greie for dei innstilte kandidatane, i alfabetisk rekkjefølgje. 

Aleksander Ljosdal Fedøy

Aleksander studerer lektorprogrammet 8.-13 ved Universitetet i Agder, og har det siste året sete som lokallagsleiar i Kristiansand og kan difor bidra med gode synspunkt frå denne rolla. Han er samfunnsinteressert, og har klare planar for korleis han vil halde kontakt med og inkludere lokallaga i den komande perioden. Han har gode samarbeidsevne, men kan også vere med på å stille kritiske spørsmål.

Caroline Madsen

Caroline studerer barnehagelærar ved Høgskulen på Vestlandet avdeling Bergen, og har det siste året sete som landsstyrerepresentant for lokallaget. Ho har gjennom denne perioden vist eit stort engasjement i denne rolla, i tillegg til å ha vore svært aktiv i verving av nye medlem. Caroline er positiv, motivert og vi meiner at ho vil vere ein god pådrivar i organisasjonen.

Ida Røvik Oterhals

Ida studerer grunnskulelærar 5.-10. ved Universitetet i Sørøst-Norge avdeling Drammen, og har det siste året sete som landsstyrerepresentant for lokallaget, noko som har gjeve ho god innsikt i prosessane som førekjem i organisasjonen. Vi trur ho vil vakse godt i vervet med sitt pågangsmot og engasjement, og kan vere ein god ressurs for organisasjonen både politisk og organisatorisk.

Iselin Sande Bakke

Iselin studerer grunnskulelærar 5.-10. ved Høgskulen på Vestlandet avdeling Sogndal, og har det siste året sete som både lokallagsleiar og landsstyrerepresentant her. Ved lokallaget har ho vore ein stor pådrivar og bidragsytar. Ho har også vore med på å skipe fleire studentlag ved institusjonen sin, ei erfaring som kan kome organisasjonen til gode.

Kaspara Halkjelsvik

Kaspara studerer barnehagelærar ved Universitetet i Stavanger. Ho har det siste året sete som nestleiar ved lokallaget i Stavanger, og kan herifrå ta med seg nyttige synspunkt frå å drive eit lokallag inn i eit arbeidsutval. Kaspara er initiativrik, engasjert, inkluderande og reflektert. Ho har hatt eit mangfald av roller og verv i og utanfor organisasjonen som kan kome Pedagogstudentene til nytte. Ho har også klare planar og visjonar for organisasjonen vidare.

 

Vi meiner desse kandidatane, som ei gruppe, best oppfyller bestillinga vi har fått gjennom organisasjonen sitt valreglement.  Vi er trygge på at desse kandidatane har den nødvendige kompetansen, engasjementet, erfaringa, samarbeidsevnene og utviklingspotensialet, til å kunne utfylle kvarandre på ein god måte og bidra til å vidareutvikle Pedagogstudentene den komande perioden. Gjennom samtaler, djupneintervju og observasjonar meiner vi at dei fem innstilte kandidatane på ein god og tilfredsstillande måte vil oppfylle mandatet som studentmedlem i arbeidsutvalet. Valkomiteen meiner difor at dei innstilte kandidatane er den beste samansetnaden til vervet.  

 

Godt val!

Innstilling på 2årig medlem til kontrollkomiteen

Det er to sterke kandidatar som har meldt sitt kandidatur til vervet innan fristen for å vere med på valkomiteen sin innstillingsprosess. Det er:

  • Jørn Luvåsen
  • Tina Tran 

Vi har basert vår innstilling til medlem av kontrollkomiteen for ein toårsperiode på gjeldande vedtekter, mandatet for kontrollkomiteen og organisasjonen sitt valreglement. Vi har også lagt vekt på eit heilskapsperspektiv for komiteen og behova til organisasjonen.  

Difor fell innstillinga vår på:

  • Tina Tran

Tina studerer barnehagelærar og har tidlegare vore lokallagsleiar og landsstyrerepresentant hos lokallaget ved Dronning Mauds Minne Høyskole. Det siste året har Tina vore studentparlamentsleiar ved institusjonen. Dette har gjeve ho gode erfaringar som ho kan dra nytte av i eit verv som medlem av kontrollkomiteen. Ho har også lang erfaring frå Pedagogstudentene og dermed inngåande kunnskap om dei styrande dokumenta i organisasjonen. I tillegg har ho ha vore aktiv i utviklinga av vedtekter i Velferdstinget og har god kjennskap til organisatoriske prosessar i andre organisasjonar. Tina er initiativrik, strukturert og har eit langtidsperspektiv på si rolle i komiteen.  

Valkomiteen er trygge på at Tina har motivasjonen, kompetansen og erfaringa for å vere eit godt medlem av kontrollkomiteen og kjem til å arbeide proaktivt med sin kunnskap og forståing av organisasjonen si verksemd gjennom den komande perioden. 

Godt val! 

Innstilling på 1årig medlem til kontrollkomiteen

Det er ein kandidat som har meldt sitt kandidatur til dette vervet innan fristen for å vere med på valkomiteen sin innstillingsprosess. Det er:

  • Sigbjørn Haukeland 

Vi har basert vår innstilling til medlem av kontrollkomiteen for ein eittårsperiode på gjeldande vedtekter, mandatet for kontrollkomiteen og organisasjonen sitt valreglement. Vi har også lagt vekt på eit heilskapsperspektiv for komiteen og behova til organisasjonen.

Difor fell vår innstilling på:

  • Sigbjørn Haukeland 

Sigbjørn går grunnskulelærar 5.-10. ved Høgskulen på Vestlandet avdeling Sogndal. Han har sete i lokallagsstyret og har der fått kjennskap til arbeidet i organisasjonen, både på lokalt og nasjonalt nivå. Sigbjørn har ei god forståing for prosessane rundt organisatoriske dokumenter i Pedagogstudentene, i tillegg til kunnskap om organisatorisk arbeid frå andre organisasjonar. Med god motivasjon og samarbeidsvilje er vi i valkomiteen trygge på at Sigbjørn vil vere eit godt tilskot til kontrollkomiteen for den komande perioden. 

 

Godt val!