Pedagogstudentene fordømmer Putin-regimet sin invasjon av Ukraina

Pedagogstudentene krev at Putin-regimet sin invasjon av Ukraina tek slutt no. Pedagogstudentene fordømmer Putin sine krigshandlingar og brot på menneskerettane, og forlange ein augeblikkeleg tilbaketrekking av russiske styrkar frå Ukraina. Putin-regimet må haldast ansvarleg for sine krigslovbrot. Situasjonen i Ukraina er særs alvorleg. Fleire millionar er drivne på flukt. Hittil har over tusen ukrainske sivile blitt drepne i krigen, blant dei er barn og unge, og det er grunn til å frykte at fleire vil miste livet i tida som kjem. Barn og unge mistar tilgangen til barnehage eller skule ved kortare eller lengre periodar. Allereie med den første, var for mange bustadar, skular, barnehager og helseinstutisjonar øydelagt av russiske styrkar. Så langt er det tusenvis, som er sjokkerande og forskrekkelig. Dei humanitære og sivile lidingane i Ukraina er enorme.

Skular og barnehagar er utsette i krigen. Både i Ukraina og i Russland. Pedagogstudentene fordømmer Putin sin propagandaskule. I Russland har skulen blitt ein slagmark i presidenten sin krig, og lærarane vert brukt som hans våpen. Dette vil ha store konsekvensar for det russiske samfunnet i fleire år framover. Samstundes er Ukraina prega av brutal krig, der sjølv ikkje skular og barnehagar er trygge. Ukrainske barn står i fare for å miste sin barndom til krigen. Difor er det avgjerande at ukrainske flyktningar i skule- og barnehagealder vert møtt med kompetente lærarar som kan gje barn og unge ei trygg og god utdanning.

Pedagogstudentene vil oppfordre myndigheitene i Russland om å avslutte krigshandlingane i Ukraina med det same, og krev at norske myndigheiter sikrar at ukrainske flyktningar i barnehage- og skulealder vert møtt med kompetente lærarar som tek godt vare på dei.