Bilde: Vi kjemper for fremtidens lærere.

HVO Volda

Dette er en midlertidig side for lokallaget ved HVO Volda.

Du kan kontakte Pedagogstudentene HVO Volda per mail og på facebook.

Leder av lokallaget er Inga Gjørv Lade.

Pedagogstudentene HVO Volda

Intervju med lokallagsleder

Joakim Olsson, studerer selv grunnskulelærar 5-10

Hva er det beste med å studere ved din høgskole/ ditt universitet?

Det beste med å studere i Volda er aktivt studentmiljø og eit god samhold mellom studentane. Sjølv om det ikkje er den største studiestaden finst det noko for alle – alt frå å engasjere seg som frivillig på studenthuset, til å oppleve den flott naturen som ligg rett rundt hjørnet frå høgskuleområdet. Ei anna ting som er veldig flott med Høgskulen i Volda er at dei har mange førelesarar som er veldig dyktige, og som har relevant erfaring frå skulen og barnehagen. I tillegg har høgskulen eit godt samarbeid med dei ulike praksisskulane, og du som student får tett oppfølging når du er ute i praksis.

Hvordan er studiemiljøet?

Volda har eit veldig aktivt studentliv med mange studentorganisasjonar. Er du interessert i natur og friluftsliv? Då kanskje Natura kan vere noko for deg. Syns du det er kjekt å drive med forskjellege idrett? Då kan du bli med i Volda studentidrettslag. Å si at det finst ein organisasjon for kvart interesse er ikkje å overdrive. I tillegg har vi eit studenthus – Rokken – der det alltid skjer noko spanande. Konserter, disko og kviss er berre nokon av tinga som pleier å arrangerast der.

Hva kunne vært bedre med ditt studiested?

Hvorfor mener du nye studenter bør melde seg inn i Pedagogstudentene?
Eg synst at nye lærarstudentar bør bli med i Pedagogstudentene for di det er ein flott plass å bli kjent med andre studentar som delar same interesser. Som medlem i Pedagogstudentene får du moglegheit til å vere med på mange forskjelleg faglege og sosiale arrangementet, der då båe får lære deg meir om kva det vil si å vere lærar, samtidleg som du møter andre engasjerte studentar.

Hva er det beste med å engasjere seg i lokallaget til Pedagogstudentene ved ditt studiested?

Det beste med å bli med i Pedagogstudententen ved HVO er at du verkeleg får ein sjans til å vere med å avgjere kva organisasjonen skal arbeide med. I Volda er vi eit ganske lite lokallag, og dersom du tek sjansa å blir med i styret er moglegheita stor for at akkurat dine idear og initiativ kan påverke kvardagen til lærarstudentane. Og sjølv om vi er eit lite lokallag så har vi god kontakt og samarbeid med dei tilsette på høgskulen, og kan på den måte hjelpe våre medlemmer dersom ein treng hjelp med ting knytt til utdanninga.

Hva er dine beste tips potensielle søkere? Hva bør man tenke på når man skal velge lærerutdanning og studiested?

Tørr å prøve noko nytt! Ikkje var redd for å reise ein ny plass, eller å velje eit anna studiestad enn kva som er forventa. Studietida er så mykje meit enn berre sjølve utdanninga, det er også ei tid for å bli kjent med nye folk og å erfare nye ting. Men til sjuande og sist kjem det jo ann på kva du har lyst til. Vel ein studiestad du trur du kjem til å trivast på – då trur eg at sjansen for at du blir fornøgd med utdanninga som størst.

Har du noe mer å tilføye?

Volda er ei utruleg flott plass å studere på. Håper vi sjåast til hausten!

Hvilke lærer- og pedagogikkutdanninger finnes blant annet på ditt studiested?

  • Barnehagelærerutdanning
  • Grunnskolelærerutdanning 1-7
  • Grunnskolelærerutdanning 5-10
  • PPU-A
  • PPU-Y