Bilde av hender som markerer et a4-dokument. foto.

Kontrollkomiteen søker nytt medlem

Eit medlem av kontrollkomiteen har trekt seg frå sitt verv, og dermed så trenger kontrollkomiteen til Pedagogstudentene eit nytt medlem for denne perioden fram til landsmøtet 2023. Er du ein person som er glad i styringsdokument eller kjenner nokon som kan eigne seg til å sitje i kontrollkomiteen? Ta kontakt med valgkomiteen.

Kontrollkomiteen er eit rådgjevande organ som består av 3 personar. I kontrollkomiteen har ein ansvar å sjå til at Pedagogstudentene handlar i tråd med deira styringsdokument. Ved å sitje i kontrollkomiteen får du ein særskild moglegheit til å møte våre medlemmar frå ulike delar av landet samla på ein stad; på våre landsstyremøte og på landsmøtet i 2023. 

I følgje vedtektene § 5.1 Valgbarhet er alle medlemmar av Pedagogstudentene samt tidlegare medlem inntil 3 år etter endt medlemskap valgbare til kontrollkomiteen. Har du ein gamal kjenning du tenkjer kan vere aktuell, send dei i valgkomiteens retning! 

Det vert gjennomført suppleringsval på landsstyremøte 2, og dersom du melder ditt kandidatur innan fredag 30. september klokka 23.59 får du vere med på valgkomiteen sin innstillingsprosess! 

Dersom du skulle ha nokre spørsmål angåande vervet eller andre ting, er du hjarteleg velkommen til å kontakte oss i valgkomiteen. Vi er alltid klar for ein hyggeleg samtale! Ein kan også finne mandat for alle sentrale verv her.

For meir info sjå her.

Beste helsing Jørgen, Maren og Iselin <3
[email protected]